Startside

Alle har ei forteljing å dela

Velkomen til kurs for vaksne som ynskjer å skriva eller fortelja om sine minner på andre måtar. 

Memoar, norsk organisasjon for munnleg historie, meiner at alle me som lever no bør leggja etter oss forteljingane våre. 

Kursleiar Bjørn Enes:


Det har aldri før vore så enkelt å dela minner og livserfaringar med samtid og ettertid. 

Dette kurset – Mitt.memoar.no – har me laga for at det skal bli enklare å koma i gang. Kurset er eit samarbeid mellom Bergen off. Bibliotek og Memoar


Slik blir kurset: 

  • Me blir ei passeleg stor gruppe – rundt ti stykker.
  • Me skal møtast ein gong i veka, ti gonger i alt.
  • Kursleiar vert Bjørn Enes, frilansjorunalist og leiar av Memoar.
  • Me skal jobba med kvar deltakar sine forteljingar. (Kor mykje den enkelte vil dela med gruppa avgjer ho eller han sjølv.)
  • Målet er at kvar deltakar skal ha sitt fyrste memoar klart til publisering eller deling når kurset er slutt.

Dette har du når kurset er slutt:

  • Ein arbeidsplan  for boka om ditt liv
  • Ei stor munnleg forteljing i form av eit videointervju.
  • Ei publiseringsklar nettside som du kan dela med næraste familie eller publisera offentleg - alt etter eige ynskje. 
  • Eit nettverk av andre forteljarar og minnesamlarar som du kan arbeida vidare saman med. 
  • (Og så vonar me at du har blitt medlem av Memoar)