Publisering

Me har ytringsfridom. 

I utgangspunktet kan me publisera kva som helst.  Før måtte alltid ein redaktør godkjenna ytringane våre før dei kunne koma på trykk eller i eiteren, for det var berre redaktørar som rådde over presser eller sendarar eller boktrykkemaskinar. Slik er det ikkje leger: No er det like fritt å ytra seg i samfunnet som det alltid har vore å ytra seg over hagegjerdet eller på bussen.

Men me har ikkje rett til å trakka på nokon. Me kan kritisera og avsløra - men ikkje lyga om andre. Grensene er ikkje alltid enkle - særleg ikkje når usemja rår sinnet rasar. Men skal ytringsfridomen fungera, må han gjelda for alle. 

Derfor må me snakka om etikk og om juss. Fyrst og fremst om kva som er rett og galt - og så litt om kva som er lov og kva som er forbode.

Og så må me tenkja på konsekvensane for oss sjølve. Vil me at kven som helst skal kunne sjå eller høyra eller lesa desse forteljingane?

Memoar er for at me skal dela raust av forteljingane våre. Kvar livserfaring som blir delt, gjer oss alle litt klokare.

Men du er ikkje nødvendigvis av same meining. Du må til sist gjera ditt eige val.

Når valet er gjort - kjem me attende til sørsmålet om forma. 
  • Me skal snakka om korleis du får publisert ei bok
  • Me skal snakka om artiklar - kanhende lagar me sjølve ein antologi?
  • Me skal snakka om publisering av tekstar og munnlege forteljingar på www.memoar.no eller www.minner.no 
  • Me skal snakka om bloggar og om presentasjonar til bruk under foredrag.


Comments