Startside

Alle har ei forteljing å dela

Velkomen til kurs for vaksne som ynskjer å fortelja om sine minner og livserfaringar. 


Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, meiner at alle me som lever no
bør leggja etter oss forteljingane våre i form av skriftlege tekstar eller munnlege forteljingar.
  
Dette kurset – Mitt.memoar.no – har me laga for at det skal bli enklare å koma i gang. 

Kursleiar Bjørn Enes:

(Videoen er laga i forkant av fyrste "Mitt memoar" våren 2017)

Slik blir kurset: 

  • Me blir ei passeleg stor gruppe – rundt ti stykker.
  • Me skal møtast ein gong i veka, ti gonger i alt.
  • Kursleiar vert Bjørn Enes, frilansjorunalist og leiar av Memoar.
  • Me skal jobba med kvar deltakar sine forteljingar. (Kor mykje den enkelte vil dela med gruppa avgjer ho eller han sjølv.)
  • Målet er at kvar deltakar skal ha sitt fyrste memoar klart til publisering eller deling når kurset er slutt.

Dette har du når kurset er slutt:

  • Ein arbeidsplan  for boka om ditt liv
  • Ei stor munnleg forteljing i form av eit videointervju.
  • Ei publiseringsklar nettside som du kan dela med næraste familie eller publisera offentleg - alt etter eige ynskje. 
  • Eit nettverk av andre forteljarar og minnesamlarar som du kan arbeida vidare saman med. 
  • (Og så vonar me at du har blitt medlem av Memoar)