Dette biletet er frå eit såkalla forteljarpanel i audiotoriet på Bergen off. bibliotek. Sju forteljarar og ein intervjuar utvekslar minne om eit stort tema - i dette tilfellet eksplosjonen på Vågen i Berge, den 22. april 1944. Slike forteljarpanel er ein av mange måtar å formidla på. Skal me kanhenda avslutta vårt kurs med eit liknande arrangement? Me skal og snakka om digital formidling - om bloggar og nettsider og sosiale media. Me skal snakka litt om kampen for å få merksemd om vår forteljing i mediejungelen Og me skal snakka litt om å stå på ei scene som forteljar eller foredragshaldar og formidla vårt eige verk. |