Emne

Kvar av oss har tusen forteljingar inni oss. I godt lag renn forteljingane fritt, i strie straumar. 

Nokre forteljingar er viktigare enn andre, av di dei er spesielt dramatiske eller spesielt lærerike eller spesielt vakre.

Eit verk kan aldri innehalda alle forteljingane me har. Ein viktig del av prosessen er å velgja bort.  Men det er ikkje der me startar prosessen. Me må lø forteljingane opp i haugevis på bordet, før me kan ta til å velgja bort.

Kanhende må me gjennom ein diskusjon om kva det er me vil. Kvifor vil me utvikla ei forteljing til eit verk?  Kva er det me vil gi til samtid og ettertid? Kvifor vil me gi det frå oss?

Til sjuande og sist er val av emne og fokus i eit verk eine og aleine forteljaren si avgjerd. Men i prosessen fram til den avgjerda er det mykje inspirasjon å henta frå samarbeid med andre som er eller har vore i same prosess.
Comments