Disposisjon

Arbeidet med å laga idéen og planen for kva ditt forteljingverk skal innehalda, startar på fyrste samling. 

Erfaring viser at det er svært utbytterikt å arbeida med idé, plan og disposisjon saman med andre som ei i same prosess - sjølv om forteljingane kan vera svært ulike. 

Innhaldet er det viktigaste. Formen kjem som nummer to. Bok? Artikkel? Munnleg forteljing? Blogg? Presentasjon? Poesi? Fiksjon?

Ei forteljing dreg alltid ei anna forteljing etter seg. Derfor tar planlegging aldri slutt. Når eit verk er ferdig, er du gjerne i gang med eit nytt.  
Comments