Bilde

Har verket bruk for bilder? 

Det finst ikkje noko "rett svar" på det spørsmålet.  Bortsett frå at bildet av det forteljande mennesket overgår alt. 

Eit bilete av eit ansikt. Eit par auger som ser oppover det bratte fjellet i forteljinga.  Eit par armar som strekker seg ut for å visa kor enormt dette fjellmasivet er. Eit puslete fotografi kan aldri konkurrera med slike bilete! 

Men om fotografiet ikkje trengst i det ferdige verket, så kan dei vera veldig nyttige i prosessen. Eit fotografi er også ei forteljing, som dreg andre forteljingar etter seg. 

Så me skal snakka om bilder i kurset. Me kan ta bilete med, visa til kvarandre og diskutera. Eller me kan studera dei heime, kvar for oss - og så fortelja om dei når me kjem saman.

Eit skriftleg verk kan ofte løftast av eit bilete. Men ein god tekst kan og bli kvelt  av for mange bilder. Bilder er forteljingar - og forteljingar er bilder. Kunst er å få dei til å fortelja saman.
Comments